KJÆRE BUTIKKEIGAR som meiner/trur at materiellpakka til NISJEBUTIKKENS DAG er for stor.
I år som i fjor, så dukkar spørsmålet om deling av materiellpakke jamnleg opp i innboksen vår, og me må bruka veldig mykje tid på å svara høfleg på desse.
NEI, me kan ikkje laga mindre pakker for akkurat deg – eller la deg dela med ein nabobutikk. Pakkene våre er nøye sett saman for å passa dei fleste, altså både “liten & stor” butikk, på same måte som kjedene gjer det. POENGET med å ha “mange” plakatar er at du skal vera SYNLEG og at du slik er med å FARGELEGG GATA DI!!
Du er IKKJE synleg med kun nokre få små plakatar i eit vindauge eller på ei dør… Tanken er og at du skal bruka plakatane rundt om inne i butikken din denne dagen, slik at kundane ser at dette faktisk er ei KAMPANJE!
DESSUTAN så inneheld materiellpakka for nisjebutikkens dag fleire DIGITALE filer til bruk i SOSIALE MEDIER, inklusiv logoen vår. Desse filene er det KUN dei som kjøper ei svært billig materiellpakke som får tilgang til og har lov å bruka i marknadsføring (jmfr.åndsverkslova).
Misbruk av våre filer til nisjebutikkensdag (noko som er svært lett å oppdaga) vert fakturert med den nette sum av kr.5.000,- + mva i ettertid – og ja det står i kjøpsvilkåra.
Kvifor det? Jo, me to som står bak NISJEBUTIKKENS DAG for deg og alle landets sjølvstendige butikkar, me gjer faktisk denne jobben på DUGNAD! Då er det lite kjekt at du ynskjer å vera “gratispassasjer”. Kanskje me får litt løn for strevet til slutt om “alle” er med og faktisk kjøper materiellpakka – og med det viser at du set pris på jobben me gjer. Dessutan vil din butikk verta godt SYNLEG om du gidd å gjera litt ut av det. I tillegg får du med på kjøpet gode råd & tips om butikkdrift.
Poenget fell og vekk om du “liksom” skal markera #nisjebutikkensdag (og å bruka emneknaggen) – og så deltek du ikkje med det felles materiellet som er utvikla for akkurat denne BEVISSTGJERINGSKAMPANJA! Felleskap -> synlegheit -> SAMAN ER ME STERKE = landsomfattande kampanje for sjølvstendige butikkar!!!
Helsing Gøril & Giske